Ungdomskoret Respons

 Ungdomskoret.com - Søndag 5. septem..

           "Men om noen av dere mangler visdom, da må han be til Gud - for Gud gir alle, villig og uten bebreidelse - og så skal han få det." - Jak 1:5
Koret Koret

:Meny

Nyheter:

Startside
Nyhetsarkiv
Program
Bilder

Om koret:

Fakta om koret
Medlemmene
CDer
Utleie av lydanlegg
Booking

Flere referat:

Styrereferat
Arilds corner
Responsbandet
Statistikk

Interaktivt:

EmblemBedehus.no
Kontakt oss
Bildeopplasting
Forum
Prat
Gjestebok

:Login


:Statistikk

- Besøk i dag: 7
- Brukere pålogget: 3
- Pålogget på prat: 0


:Reportasjer

2009 med mange høgdepunkt


”Årsoppgjeret” for Respons inneheld mange høgdepunkt. Dersom vi spør medlemene våre, vil vi sikkert få veldig mange ulike svar. Slik er det, og slik skal det vere. Likevel er det heilt sikkert nokre høgdepunkt som dei aller fleste vil trekke fram. Dagens bilde frå Refviksanden fylt av responsarar kan passe bra som kontrast til minusgrader ute.

221 visningerSkrevet: 7. januar 2010, kl. 22:24 av Arild Berstad
Redigert: 7. januar 2010, kl. 22:33 av Arild Berstad


Det fyrste var i midten av februar. Deltaking i direktesendt TV generelt er det ikkje så mange ungdomskor som får oppleve. Men å delta i Melodi Grand Prix ilag med grand prix-dronninga sjølv, Bettan, har ingen andre kor gjort før Respons gjorde det under pauseinnslaget i MGP. Det kan naturlegvis ikkje måle seg med å opptre i Kjempesjansen med eige innslag ilag med Birgitte, men meir blaserte kan vi ikkje bli, enn at vi synest dette var ei artig og stor oppleving.

Det andre høgdepunktet har kanskje ein del gløymt blant ”dei største”. Men fjorårets Kulturdryss ilag med Voxing var ein god mix og ein flott kveld, med flott sang og musikk av to kor tilhøyrande kvar sin generasjon. Lovsang og drivande gospel til gjensidig inspirasjon. Dette var kvelden då Respons fekk vist kva vi kunne vente under årets sommartur.

Årets sommartur kan like godt omskrivast til årets temperatur. Det er ikkje ofte responsarane blir solbrent under konsert. Med sola som gedigen lyskastar i ansiktet leverte songarar og musikarar OG teknikarar herleg god sang og musikk for 1400 nordfjordingar som venta på Eurosongvinnar Alexander Rybak. Publikum vart nok overraska over tonar med trøkk ”frå himmelen”, i og med at kor og orkester stod oppe langs kanten av den utsprengte parkeringsplassen som utgjorde konsertarenaen. Mathias Hoel Hoggen kunne ha gått rett inn på OL-laget i lydmiks etter den teknisk spektakulære lydriggen. Det tettpakka somarturprogrammet baud på ulike andre høgdepunkt. Konsertmessig var vel besøket i Hyen kyrkje sesongens absolutte topp. Ingen ting kan likevel måle seg med det faktum at ei vaksen dame vart kristen etter å ha høyrt Respons under gudstenesta på torget i Måløy! ”Halleluja!” er det einaste vi kan seie til det.

Berre 27 responsarar fekk med seg høgdepunktet i Molde midt i ferien. Sjeldan har vi fått så mange glimrande tilbakemeldingar etter ein opptreden som det vi fekk etter å ha bidratt med frisk gospel under Indremisjonsforbundet si generalforsamling der.

Veldig mange nye medlemer frå august gjorde at det var fornuftig å la det gå litt tid før dei store opptredenane. Pit Stop på Valderøy var fyrste utadretta aktivitet med ”nye” Respons. Endeleg hadde Respons dansegruppe igjen! ”Shackles” vart fellesnummer med Herøy gospelkor. Eit forrykande innslag som undestreka bodskapen i sangen. Her var det ikkje mange lenkene som heldt igjen lovsangen! Og forsidebildet i magasinet ”Sambåndet” med Sigve i spissen som solist på ”Herren din Gud vil gå med deg”, var verd heile turen åleine.

12. desember vart ein ny merkedag i Respons. Om nokon hadde fortalt underteikna for 30 år sidan at dette koret skulle varme opp for Harlem Gospelchoir, ja, då hadde vedkomande fått eit venleg smil med ønskje om god bedring! Hadde det i tillegg blitt sagt at vi skulle på scena og kore ilag med dei, ville eit glas kaldt vatn og klut på panna vore fyrste reaksjon. Om vedkomande hadde garantert at dette skulle bli verkeleg, var det underteikna som hadde trengt både vatn, klut og smil. No er det over, og det vart verkeleg! Det vart ein kjempekveld, der sesongens store gjennombrot musikalsk sett kom med brask og bram – og ”O helga natt” ilag med Birgitte. Superstjernene frå USA viste seg å vere svært trivelege folk som sette veldig pris på dei unge oppvarmarane og medkoristane!

Resten av 2009 vart eit einaste langt høgdepunkt med korfest i toppklasse, julaftangudsteneste med gripande gåsehudfaktor og julefest med Nachspielkonsert som tok heilt av. Musikkvideo snakka vi om ved årsstart. Det vart i staden MGP-oppteden på TV og .... ein sjarmerande filmversjon av ”God jul”!

Årets store Respons-hit var ”The Blessing of Abraham”. Dirigent Julie satsa ambisiøst og nådde sitt og vårt mål på ein overbevisande måte!

Når nokre høgdepunkt er nemnt her, er det viktig å presisere at vi gjennom heile året har hatt kjekke øvingar med ulikt engasjement. Det har vore inspirerande andakter og Jesus-vitnesbyrd. Lovsangen har tona i kyrkjer, bedehus, konsertlokale, i butikkar, idrettshallar, på gater og streder og parkeringsplassar. Vi har leika i lag ned snødekte fjellsider og på nesten like kvite sandstrender. Vi har tatt bølgen med havraftingbåt og skapt bølgjer med ”I han vi rører oss...”. Vi har padla langs isfjell i Briksdalen og formidla ein Jesus-bodskap som har smelta indre is i hjarta på folk slik berre Han kan. Kort sagt: Det har vore heilt liv! Takk til alle som har vore med på dette – på scena eller med teknisk teamwork, i vaksenteam og styre og stell! Nye dagar ligg framfor oss med spennande og fine utfordringar. Godt nytt år!

NB! Skriv ditt/dine høgdepunkt i kommentarfeltet nedanfor. Det er rekordmange som ser på websidene, men alt for dårleg respons på det som står der. Med berre ein tredjedel av lesarane hadde vi mange fleire innlegg og kommentarar. Kom igjen, då vel!


Kommentarer (4):

Skriv din egen kommentar her
  • 1. Høydepunktet mitt

    Høgdepunktet mitt var konserten i Hyen, eller heile dagen i Hyen eigentleg. Med fantastisk ver og avslapping på plenen frafor kyrkja og masse blide folk før konserten Og vi toppa det heile med ein fantastisk konsert med eit kor gav det siste dei hadde av krefter denne dagen

    - Skrevet 7. januar 2010 - kl. 23:20:50 av Magnhild

  • 2.

    Hatt et veldig bra responsår, med mange gode opplevelsa! Som feks Hyen, Angles in Harlem, den årlige ski-weekenden på orreneset. Men det beste minnet mitt MGP. Det va veldig artig å stå på scena under ei direktesending, men også den stemninga det va den dagen. Og så klart artig å sjå korskjen det blir gjort under ei direktesending med filming og slik

    - Skrevet 8. januar 2010 - kl. 20:12:48 av Sigve

  • 3.

    Syns også at det har vært et veldig bra responsår, høydepunktet for min del var vel, Hyen og Harlem. Det var også veldig artig og være med på MGP. Ser fram til et nytt år!

    - Skrevet 9. januar 2010 - kl. 13:14:50 av Eskild

  • 4.

    Mitt høydepunkt fra 2009 e sommerturen vi hadde. Utrolig koslige kvelda, havrafting, å spesielt den konserten vi hadde i Hyen. Enig med Magnhild at den dagen va bra. Da vi va opp med breen, å dinna parken der oppe. Utroli gøy å e ser fram til det siste halvåret i Respons.

    - Skrevet 11. januar 2010 - kl. 18:04:06 av Thale Kristin

 

Kommenter artikkelen

Navnet ditt:


E-post (valgfri):


Overskrift:


Kommentar:


Sikkerhetskode:
Skriv inn tallene/bokstavene du ser i feltet ovenfor. Hvorfor?
NB! Det er forskjell mellom små og STORE bokstaver!

 

NB! Hvis innlegg blir sett på som upassende, blir de slettet uten varsel.
 

til toppen »

:Info

Flere beskjeder: (1)

:Program

Hele programmet

:Ukens spørsmål

Likte du Haiti konserten ?

JA!
Sånn passe
Nei, ikke særlig

Se resultat



Web-Ansvarlig: Johannes A. Ødegård - Design: Vidar Ødegård
Ungdomskoret Respons © 2003 - 2007


XHTML 1.0 // CSS level 2 // RSS 2.0