|
:Statistikk |
|
- Besøk i dag:
3
- Brukere pålogget:
1
- Pålogget på prat:
0
|
|
|
|
|
|
|
:Reportasjer |
|
|
Alltid-responsarar med herleg nyttårskonsert Dei entra podiet den eine etter den andre og leverte vakker sang og musikk. Nyttårskonserten 2. januar vart ei vakker oppleving for dei rundt 100 tilhøyrarane som etter jule- og nyttårsfestivitas fann tid til den rikhaldige konserten. Tilbakemeldingane tyder på at det vart vel anvendt tid! Bildet viser Ane Nes Djupvik og Svein Erik Giskegjerde i nydeleg duett.
 | 203 visningerSkrevet: 3. januar 2010, kl. 22:27 av Arild Berstad |
 Rundt 20 alltid-responarar bidrog med sang, musikk, verbale refleksjonar, lydteknikk og lys. Det varierte programmet besto av både klassiske godbitar, folketonar, gospel, populære allround-hits og julemusikk frå både Skandinavia og USA. Initiativtakar var Solrun Teigen Berstad, som også var kveldens dyktige konferansier. Om dette blir ein tradisjon? Vi får sjå. Kanskje dei fornøgde publikummarane vil bidra til endå fleire i salen ved ein eventuell konsert neste år? Kanskje vil fleire av dagens Respons-medlemer møte opp då? For å sjå og høyre tidlegare medlemer bidra slik som under konserten på laurdag, vil vere inspirerande for nokon og einkvar. Det er kun André Eidskrem som ikkje er alltid-responsar av desse. Av dagens medlemer var Håkon, Jakob B (lys)og Arild med.
Her er heile programmet for nyttårskonserten:
1. Greatest Love (Harlan Rogers/Koinonia)
Instrumental v/ husbandet som er:
Maria Brandal Berstad, trommer/perc
Einar Teigen Berstad, bass - Arild Berstad, piano/synth
Håkon Knudsen, saksofon
2. Upp, gledjest alle (Tekst: Thomas Kingo Mel.: Odd Nordstoga)
Sang: Birgitte Velsvik
3. Bring him home (Fra ”Les Misérables” av Boublil/Schønberg)
Sang: Johannes Kvangarsnes
Piano: Kjetil Kvangarsnes
4. Herre Jesus, gi meg nåde (Ukjent tekstforf. /folketone frå Åseral)
Sang: Johannes Kvangarsnes
Piano: Kjetil Kvangarsnes
5. Din trofaste kärlek (Edith McNeil, svensk: Inga-Martha Ericsson)
Sang: Wenche Kristin Brandal
Koring: Svein Erik Giskegjerde
Piano: Martin Ødegård
+ Maria, Einar og Håkon frå husbandet
6. Glory to God (Calvin Bridges/Tore W. Aas)
Sang: Kristina Teigen Emblem, Wenche Brandal,
Ane Nes Djupvik, Ragnhild Sofie Kopperstad og Martin Ødegård
7. Silent Presence (Arild Berstad)
Sang: Kristina Teigen Emblem, Wenche Brandal,
Ane Nes Djupvik, Ragnhild Sofie Kopperstad og Martin Ødegård
8. Tankar ved Alfhild Angeltveit Ødegård
9. In the Storm (Tekst og melodi: Ragnhild Sofie Kopperstad)
Sang/piano: Ingrid Kopperstad Raunehaug
Sang: Ragnhild Sofie Kopperstad
10. Breath of Heaven (Tekst og melodi: Ragnhild Sofie Kopperstad)
Sang/piano: Ingrid Kopperstad Raunehaug
Sang: Ragnhild Sofie Kopperstad
11. The Christmas Song (Tekst: Mel Tormé Mel: Bob Wells)
Sang: Marianne Klokk
12. Lascia ch’i o pianga (Frå operaen ”Rinaldo” av Georg F. Händel)
Sang: Marianne Klokk
Piano: André Eidskrem
13. You raise me up (Tekst: Brendan Graham Mel: Rolf Løvland)
Sang: Svein Erik Giskegjerde
Piano: Anders Wedum Akslen
14. Ka e du redd for (Tekst og mel: Sigvart Dagsland)
Sang: Svein Erik Giskegjerde
Koring: Ane Nes Djupvik
Piano: Anders Wedum Akslen
+ Maria, Einar og Håkon frå husbandet
15. Have yourself a merry little Christmas
(Fra ”Meet me in St. Louis” av Hugh Martin og Ralph Blane)
Sang: Birgitte Velsvik
16. Vitae Lux (Tekst og mel: Frode Alnæs)
Sang: Birgitte Velsvik
17. Bryllupsmarsj til Maria og Einar (Arild Berstad, 2007)
Husbandet
18. Herren din Gud vil gå med deg (Arild Berstad, 2004)
Fellesnummer ved alle aktørene
Kommentarer (2): Skriv din egen kommentar her- 1. Bare èn som ikke var Allti Resp?
Er Kjetil ôg gammel Responser? Nyydli konsert altså!!!
- Skrevet 5. januar 2010 - kl. 14:12:06 av Alltid Responser
- 2. Ja, Kjetil K er gammel responsar
Ja, Kjetil K (far til responsarane Kristine, Johannes og Kåre) er sjølv gammal responsar. Dvs. Respons heitte fyrst Emblem kr. ungdomskor og bytta namn til Credo i 1976, før namnet vart Respons i 1983. Kjetil var faktisk med i Respons (dåverande Emblem kr. ungdomskor) frå starten i 1973 (iallfall ikkje lenge etter). Han er no organist i Borgund kyrkje og akkompagerte Johannes under nyttårskonserten. Det var eitt av dei mange gode bidraga.
- Skrevet 5. januar 2010 - kl. 14:53:23 av Arild
|
NB! Hvis innlegg blir sett på som upassende, blir de slettet uten varsel.
|
|
|
|
|
|
|
|
|