|
:Statistikk |
|
- Besøk i dag:
4
- Brukere pålogget:
1
- Pålogget på prat:
0
|
|
|
|
|
|
|
:Reportasjer |
|
|
Klart for julefest og Nachspielkonsert Dagen er komen for det som for mange alltid-responsarar er årets mimrehøgdepunkt. Det er dagen då 14-åringar og 50-åringar syng ilag på same Respons-sang. Og det er tid for å overbevise dei "gamle" om at Respons anno 2009 held koken i beste velgåande. Men aller fyrst er det julefest med masse bra innhald! Sjekk tidspunkt og innhald under "Les mer..".
 | 211 visningerSkrevet: 27. desember 2009, kl. 12:51 av Arild Berstad Redigert: 27. desember 2009, kl. 12:53 av Arild Berstad |

Foto: Arkivfoto frå tidlegare Nachspielkonsert Respons møter kl 1700 for litt oppvarming og lydprøver. Antrekk: Festantrekk. Festen startar kl 1800. På festen blir det bl. sang av Svein Erik Giskegjærde og Respons. Kai Even Bjørdal skal tale. Det blir servering og gang rundt juletreet. Når juletregangen er slutt, blir det Nachspielkonsert. Dette namnet har konserten fått ganske enkelt fordi den kjem rett etter julefesten og fordi den ikkje er veldig høgtideleg, akkurat. Meir som ein jam session etter kvart. Årets konsert startar ca kl 2045 (kanskje litt før eller litt etter... :-))og blir i litt større grad enn før prega av dagens Respons og det vanlege repertoaret vårt - ikkje julerepertoaret (med nokre få fellesnr. som unntak). Men sjølvsagt blir det "evergreens" med Alltid-Respons. Så her er det berre å stille opp, "gamlingar"! Men den som vil sjå og høyre endå meir av alltid-responsarane, får eit glimrande tilbod om det 2. nyttårdag. For då er det nyttårskonsert! Meir info om dette seinare.
Kommentarer (0):Bli den første til å kommentere innlegget! |
NB! Hvis innlegg blir sett på som upassende, blir de slettet uten varsel.
|
|
|
|
|
|
|
|
|